Artikkelen er mer enn ett år gammel

Fire kritikerstipend for frilansarar lyst ut

Norsk Journalistlag og Norsk kritikerlag lyser ut 4 stipend à 25.000 kr til frilansarar som produserer kritikk til eller om kringkastinga.

Alle som jobbar som frilanskritikar kan søkje på dei fire stipenda – du må ikkje vere medlem av NJ eller Kritikerlaget for å søkje.

Norsk Journalistlag og Norsk Kritikerlag lyser i fellesskap ut fire stipend til frilansarar som produserer kritikk til etermedia innan områda teater, musikk, dans, kunst eller litteratur, eller til frilansarar som produserer mediekritikk i, eller av, etermedia. Frilansarar som ynskjer å etablera seg som mediekritikarar, kan også søkja. Det er ikkje krav om å vera medlem i ei av foreiningane for å søkja stipendet.

Søknadsfristen er 20. september 2019.

Her finn du meir informasjon og elektronisk søknadsskjema