Artikkelen er mer enn ett år gammel

Tre på Proff-kurs

Torsdag 12. og fredag 13. september har Norsk Journalistlag arrangert Proff-kurs for ferske frilansarar på Thon hotell Triaden i Lørenskog. NJ-advokat Marius Steen har ført dei rundt 20 deltakarane inn i rammeavtalen for frilansarar, og dei nye frilansarane har fått ny kunnskap og praktiske tips til livet som frilansjournalist.

Helene Mariussen

Helene Mariussen (Trondheim)

Er dette første gong du er på NJ-kurs?

Ja, det er det. Eg har prøvd å melde meg på kurs tidlegare, men dei blir så raskt fulle.

Korleis er det å vere på Proffkurs?

Som frilansar er det gøy med gratis goder som mat og sånn. Det er veldig lærerikt å vere her og snakke om fagleg innhald, men også å lære om det administrative. Det viser at det ligg ikkje så langt unna det eg gjer i dag, men det er også mykje eg ikkje har tenkt på.

Har du lært eit råd til andre frilansarar?

Set deg inn i rammeavtalen, og kva den tyder for deg som frilansar.

Line Nagell Ylvisåker (Svalbard)

Line Nagell Ylvisåker

 

Er dette første gong du er på NJ-kurs?

Nei, eg har vore i Boston på The Power of Narrative-konferansen med Stup-stipend. Pluss at eg har fått reisestipend av NJ til å dra på konferanse.

Korleis er det å vere på Proffkurs?

Det er veldig lærerikt. Ein kjenner seg veldig aleine som frilansar, men her er det eit fint fellesskap. Ein lærer om mykje, som opphavsrett, NJs satsar, forhandling av pris, hersketeknikkar og pitsjing. Alt handlar jo om å gi seg sjølv sjølvtillit nok i jobben. Eg vil jo gjerne leve av å vere frilansar.

Har du lært eit råd til andre frilansarar?

Alle må melde seg inn i NJ Frilans. Og så må ein sette seg inn i dei rettleiande satsane og ta seg skikkeleg betalt slik at vi kollektivt kan leve som frilansarar.

Dag Magnus Nielsen

Dag Magnus Nielsen (Fredrikstad)

Er dette første gong du er på NJ-kurs?

Nei. Eller jo. Eg var på eit gravekurs på Institutt for Journalistikk, men dette er det første som er direkte NJ-kurs.

Korleis er det å vere på Proffkurs?

Det er triveleg! Det er veldig lett å kome inn på folk og snakke med andre frilansarar. Det er utruleg nyttig, og det er relevante folk som snakkar. Eg opplever NJ som ein veldig genuin organisasjon utan pampar.

Har du lært eit råd til andre frilansarar?

Dei du skal selgje sakene dine til er også vanlege folk. Vi tenkjer at dei er så skumle, men vi er alle verdt like mykje. Ikkje tvil på at du har noko å tilføye!

Line Nagell Ylvisåker (Svalbard)