Fredag 8. november vart det nye «superlaget» NJ Nord etablert i Tromsø. Det nye lokallaget består av nesten 600 medlemmer frå dei tre nordlegaste fylka, som tidlegare var delt i fire lokallag: Helgeland og Salten, Hålogaland, Troms og Finnmark.
NJ Nord blir leidd av eit styre på åtte personar med journalist Ann-Kristin Hanssen i Fremover som leiar. Følgjande vart valde til styreverv i det nye laget:
Leiar: Ann-Kristin Hanssen, Fremover
Nestleiar: Stian Hansen, Finnmarken
Kasserar: Laila Lanes, NRK Troms
Styremedlem: Anne Gro Gaup, Avvir
Styremedlem: Lars-Richard Olsen, Harstad Tidende
Styremedlem: Vegard Skorpen, Rana Blad
Styremedlem: Kari Skeie, NRK Nordland
Styremedlem: Linda Vaeng Sæbbe, Nordlys
Dei fire gamle lokallaga vil halde fram med å eksistere til årsmøtet 2019-2020. Norsk Journalistlag Nord trer formelt i kraft frå årsskiftet.