NJs konferansestipend
Kvart år deler Norsk Journalistlag ut fleire hundre tusen kroner i såkalla konferansestipend til journalistfaglege konferansar. Konferansestipenda, som varierer mellom 1000-7500 kroner, kan brukast av heldige stipendmottakarar til å dekkje kostnader til reise, overnatting og deltakaravgift på journalistfaglege konferansar som PUFF, Nordiske Mediedagar, DOK-festivalen og mange fleire.
Kvart konferansestipend blir lyst ut på nj.no under Aktiviteter, og du finn utlysingane ved å filtrere på tema Søknadsfrist.
Nett no kan du søkje om konferansestipend til følgjande konferansar:
- Årets bilde-utdelinga i Oslo fredag 13. mars (5000 kr) – søknadsfrist 7. februar
- Nordiske Mediedagar i Bergen 6.-8. mai (6000 kr) – søknadsfrist 1. mars
- DOK20 i Fredrikstad 4.-7. juni (5000 kr) – søknadsfrist 1. mai
- Fortellingens kraft i Bergen 12.-14. juni (6000 kr) – søknadsfrist 15. mars
Normalt kan ein berre motta eitt konferansestipend per år, og dei som mottok eit konferansestipend i 2018 eller 2019, stiller lengre bak i køen. Søknadene blir behandla av sekretariatet i NJ. Du får som regel svar på om du har fått stipend eller ikkje ca ei veke etter fristen.
Stipenda til SKUP 2020 er allereie delte ut, men følgjer du med på nj.no/aktiviteter kan du etter kvart søkje stipend til haustens Data-SKUP.
NJ Frilans' konferansestipend
NJ Frilans har i tillegg eigne konferansestipend til medlemmer av NJ Frilans. I vår kan du søkje på følgjande frilansstipend:
- PUFF-konferansen 19.-20. mars (5000 kr) – søknadsfrist 15. februar
- Fotofestivalen i Arles 29. juni-5. juli (7000 kr) – søknadsfrist 1. mars
- DOK20 i Fredrikstad 4.-7. juni (5000 kr) – søknadsfrist 1. mai
For å kvalifisere til desse stipenda, må du vere medlem av NJ Frilans og ajour med kontingentinnbetalinga.