Konferansestipend

NJ lyser ut ei rekkje konferansestipend til våre eigne regionale, journalistfaglege konferansar. Stipenda kan brukast til å dekkje reise, deltakaravgift og overnatting på konferansen. Du kan kun søkje på eitt stipend, og du vel i lista under kva for eit stipend du ynskjer å søkje på. Dersom du sender inn fleire søknader, blir alle utanom den første sletta.

Kven er kvalifisert? Redaksjonelle medarbeidarar – dvs. fotografar, journalistar, reporterar, nyheitsanker, researcherar, deskmedarbeidarar, redaksjonelle utviklarar, grafikarar og andre som kvalifiserer til medlemskap i Norsk Journalistlag. Du behøver ikkje faktisk vere medlem i NJ for å få stipend, men du må jobbe redaksjonelt. Studentar kan også søkje stipend og er kvalifisert så lenge dei også arbeider redaksjonelt.

Korleis prioriterer de dersom det er mange søkarar? Først og fremst ut frå ansiennitet: dei med lang fartstid i yrket blir prioritert foran dei med kort tid. Dei som aldri har fått stipend før, blir prioritert foran dei som har fått stipend tidlegare. Samtidig bruker sekretariatet skjønn, og forsøker å få til ei god fordeling på små og store redaksjonar, geografisk fordeling osv. Dersom du jobbar med podcast, i radio eller i fjernsynet har vi ein ekstra pott med vederlagspengar frå Norwaco, som kan bety at sjansane dine til å få stipend er litt større enn for kollegaene i avisene, nettredaksjonane og andre medium.

Søknadsfristen til stipendet var 15. oktober kl 12.00. 

Konferansane du kan søke stipend til

Du søkjer stipendet ved å fylle ut skjemaet under.

* Stipendsummen merka med stjerne gjeld deg som er delegat/har stemmerett til årsmøtet i lokallaget ditt, og deltek på dette. Som delegat får du dekt reise og inntil 1500 kr i overnattingskostnader/av konferansepakken. Desse pengane får du refundert av lokallaget ditt.

Det er mange søkarar til stipenda våre, og dersom du alt no veit at du vil ha behov for ein betydelig mindre del av stipendsummen det som er mogleg, er det fint om du presiserer det i fritekstfeltet. Slik kan fleire få nytte av dei tilgjengelege stipendmidla.

Delegat til årsmøtet?

Dersom du er delegat eller har stemmerett til årsmøtet i lokallaget ditt, og årsmøtet skal vere på ein av dei journalistfaglege konferansane, vil NJ dekkje reisekostnadene dine og inntil 1500 kr av deltakaravgifta. Då er det lokallaget ditt som skal refundere kostnadene. Dermed er stipendsummen for delegatar og årsmøtedeltakarar med stemmerett noko lågare.

For å finne ut om du er delegat eller har stemmerett til årsmøtet i lokallaget ditt, må du sjekke vedtektene til lokallaget. Ta kontakt med lokallagsstyret ditt for å få vedtektene.

Reglane for dette blir vedteke av landsstyret i Norsk Journalistlag kvar haust og gjeld for året etter. Reglane for 2021 vart vedteke av landsstyret 13.-15. oktober 2020. I Retningslinjer for tildeling til lagene står det at “NJ oppfordrer lokallagene til å legge årsmøtene til de journalistfaglige konferansene når det er mulig. NJ dekker da reisekostnader for delegatene til årsmøtet og evt gave til avtroppende
styremedlemmer. Lokallagene får også midler til å dekke inntil 1500 kroner i overnattingsutgifter for delegater som også er deltakere på den journalistfaglige konferansen.”

NJ Student

NJ Student har sitt årsmøte på Gull og Gråstein i Oslo 22.-23. oktober. To delegatar frå kvar redaksjonsklubb får dekt reise og opphald på konferansen. Ta kontakt med Aslaug Watten dersom du har spørsmål om dette.

Høyr i redaksjonen!

Dei fleste redaksjonar dekkjer også reise og deltaking for dei tilsette på dei regionale journalistfaglege konferansane. Høyr gjerne med arbeidsplassen din om det vil la seg gjere før du eventuelt søkjer NJ-stipend!

Aktuelt