Valkomiteen i Norsk Journalistlag innstiller på attval av Dag Idar Tryggestad som leiar i organisasjonen. Valet skal gjerast på landsmøtet i mars.
Tryggestad har permisjon frå Bergens Tidende og har snart åtte år bak seg som heiltidstillitsvald i den politiske leiinga for NJ. Han har vore nestleiar i fire år og leiar sidan 2021.
Valkomiteen har vore i kontakt med tillitsvalde i store deler av NJ, både klubbar, lag og andre i landsstyret. Så godt som alle ynskjer at Dag Idar skal halda fram som leiar ein tredje periode.
Valkomiteen meiner at det ikkje er grunn til å byta ut ein både dyktig og god likt leiar. Han har ein særeigen god kontakt med medlemmar og tillitsvalde, han har eit omfattande nettverk og han blir lytta til av både medlemmer, motpartar og politikarar. Han meiner også sjølv at han framleis har mykje ugjort i NJ-leiinga.
Valkomiteen jobbar vidare med å finna ein god kandidat som ny nestleiar, etter at Hege Fagerheim (NRK) har fråsagt seg attval. Me vil koma tilbake med vår nestleiar-innstilling på eit seinare tidspunkt.
På landsmøtet 18.-20. mars 2025 skal også resten av landsstyret veljast. Valkomiteen vil som vanleg leggja fram innstilling på landsstyremedlemmar og varamedlemmar på landsmøtet.
Snart skal NJ i forhandlinger om tariffavtale med Virke. – Noe av det største og viktigste for NJ på mange år, sier leder Dag Idar Tryggestad.
11. april 2025
I dag publiseres lønnsstatistikken for 2024. Tallene viser et lønnsnivå som fortsatt ligger bak bransjer vi sammenlikner oss med. – Bekymringsfullt, sier NJ-leder Dag Idar Tryggestad.
11. april 2025
Av til sammen 108 bidrag fra 34 tegnere, har juryen trukket fram 12 tegninger fra 11 tegnere til finaleheatet. En av disse kåres til Årets Avistegning under Medielederkonferansen 7. mai.
27. mars 2025
Fant du det du lette etter?