Dei fekk prisen på Norsk Journalistlag si tillitsvaldsamling Styrkeløftet onsdag kveld.
Juryens grunngjeving for Wenche Schanke Eikum:
“Kva er det som kjenneteiknar ein god klubbleiar? Det er det mange svar på. Men nokre eigenskapar vil hjelpe deg eit stykkje på veg. Det å ha ei heilt spesiell omsorg for kollegaene sine, er ein av dei. Det å makte å oppretthalde denne omsorga, over mange år og gjennom stadig nye utfordringar, er ein annan.
Årets klubbleiar tok på seg vervet som relativt ny i redaksjonen, men har teke attval i mange år på rad. For fire år sidan var det store endringar i kvardagen. Frå å vere ei lita, uavhengig, familieeigd avis, til å bli ein del av Amedia. Det var ei enorm omvelting både for journalistane, for kollegiet og for heile verksemda.
Gjennom heile denne omstillinga var klubbleiaren bokstaveleg talt ein bauta. Ho passa på medlemmane som ein smed, og sytte også for at den viktige lokalavtala kom seg heilskinna gjennom prosessen.
Årets klubbleiar er verkeleg ei dame med bein i nesa, og blir omtala som «fantastisk fin å lene seg på om nærast kva det måtte vere». Ho er ikkje redd for å seie kva ho meiner, anten det handlar om leiinga, konsernet eller anna stort og smått som pregar arbeidskvardagen – men det er alltid gjort på ein sakleg og skikkeleg måte. Klubbleiaren er rimeleg og rettferdig, ho kvir seg ikkje for å ta tak i ting, eller starta den samtalen som må til for å få ordna opp dersom ting er vanskeleg.
Mediehuset ho arbeider i har med rette blitt kritisert for lave lønningar. Årets klubbleiar har ved gjentatte høve stått i front for kritikken også i media, og har måtte svart på korleis det er å vere tilsett i det NJ omtalar som «bygdas dårlegaste betalte jobb». Dette har ho gjort med tydelegheit, og har bidrege sterkt til god lønnsvekst gjennom fleire år – også i år.
Ho er den som aktivt oppmuntrar til kompetanseheving, fagleg påfyll og deltaking på samlingar som gagnar fellesskapet. Ho bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom å vere sosial og tilgjengeleg, men mest av alt trekkjer kollegaer fram at «ho er så fin på den måten at ho ser kollegaene sine, kvar og ein». Ho blir skildra som ei mor for dei andre i redaksjonen, ei som alle har tillit til – inkludert leiinga.”
Juryens grunngjeving for Hans Martin Hauge:
“Årets klubbleiar er ein svært erfaren tillitsvalt, men vart valt til å leie klubben sin så seint som hausten 2023. Då klarte han raskt å lage gode kanalar og rutinar for kommunikasjon, både formelt og uformelt, med leiinga.
Han viste raskt at samarbeid og dialog er nøkkelen for å finne løysingar på utfordringar, både på vegner av medlemmane og på vegner av bedriftsdemokratiet.
Klubbleiaren hadde ikkje hatt vervet lenge, då serien «Ingen elskar Bamsegutt» hadde premiere på NRK. Serien var produsert av NRK Trøndelag, der vinnaren leia ein klubb på 140 medlemmer. Han er nominert for sin eineståande innsats for disse medlemmane, gjennom mediestormen som følgde etter publiseringa – og ikkje minst avpubliseringa fire dagar seinare. Gjennom månadane som følgde, og som heilt fersk klubbleiar, var han ein bauta for medlemmane – både i interne møter og gjennom ei rad medieoppslag. Vinnaren har styrt roleg og stødig i desse stormane. Han har kommunisert klokt med leiinga og medlemmane, og han har svart godt, riktig og fornuftig ut til media. Klubbleiaren har ei diplomatisk tilnærming, og gjennom dette har han makta å byggje eit godt samarbeidsklima midt i ei stor konflikt. Klubbleiaren skapte rom for dialog i ein situasjon der det mest naturlege kunne vore konfrontasjon og steile frontar.
Dialog og samarbeid blir sagt å vere vinnaren sitt «bumerke» som klubbleiar. Han søkjer alltid etter mogelege løysingar.
Eit av hans store bidrag til nettopp dette var å ta initiativ til ein samarbeidskonferanse for tillitsvalde, verneombod og leiarar på Tyholt. Konferansen blei et viktig bidrag for å sikre et godt samarbeidsklima, på NRKs største kontor utanom Marienlyst.
Oppi dette har vinnaren hatt store helsemessige utfordringar. Han har delteke i samarbeidsutval, leia styremøte og gjort mykje naudsynt arbeid på Teams, frå sjukesenga heime eller på St. Olavs hospital.”
Gratulerer!