Artikkelen er mer enn ett år gammel

Støtteordningar i krisetid

Pandemien har skapt usikre arbeidsforhold for mange av NJs medlemmer. Her har vi samla ei oversikt over stipend- og støtteordningar som kan vera aktuelt for nokre av dykk å søkje på.

Det finst fleire støtte- og stipendordningar for redaksjonelle medarbeidarar som kan kome godt med dersom økonomien no blir vanskeleg i tida som kjem. Her har vi samla ordningane med søknadsfrist, slik at det blir lett for deg å få oversikt over kva som er tilgjengeleg.

Kjenner du til andre stipend- og støtteordningar for redaksjonelle medarbeidarar? Send oss gjerne ein e-post!

Stup-stipend

Stup-ordninga er ei studiepermisjonsordning for pressa der du kan søka om individuell støtte til å gjennomfør kompetansehevingsprosjekt på inntil 100.000 kroner. Ein må vera medlem av Norsk Journalistlag for å søkja.

Søknadsfrist: 15. april!

PFF: Stipend for å skrive faglitteratur

Har du ruga på eit bokprosjekt og på grunn av pandemien plutseleg fått god tid i heimekarantene til å realisera dette? Då kan du søka om stipend frå Pressens Faglitterære Fond. Pengane i fondet skal brukast til å produsera faglitteratur innafor emnet journalistikk, eller innafor emne som er tilknytta journalistikken. Det vil seia reportasje-, dokumentar – og debattbøker tilknytt journalistikk eller medier.

Søknadsfrist: 1. april

Pressens Stipendfond

Som journalist kan du søka om støtte frå Pressens stipendfond til kompetanse/studium, reiser, redaksjonelle prosjekt eller andre relevante utgifter knytta til føremål med vekt på presseetiske og/eller pressejuridiske spørsmål.

Søknadsfrist: 1. april

Stipend til korona-graveprosjekt

Senter for undersøkande journalistikk i Bergen har lyst ut eit stipend på 50.000 kroner til ein journalist eller redaksjon som har eit undersøkjande prosjekt knytt til pandemien. I tillegg til stipendet får ein også hjelp og reportasjeleiing frå senteret, som er ein del av Universitetet i Bergen.

Søknadsfrist: 13. april

40 millionar kr ekstra frå Fritt Ord

Skipinga Fritt Ord har gjort vedtak om ei ekstraløyving på 40 millionar kroner etter virusutbrotet. Støtta skal gå til prosjekt som “kan sikre ytringsrommene, utvikle nye ytringsarenaer og bidra til en levende og vital offentlighet” og også journalistar kan søke.

Søknadsfrist: 31. mars og 30. april

Pressens Arbeidsledighetskasse

For arbeidsledige redaktørar og journalistar er det mogleg å få støtte frå Pressens arbeidsledighetskasse dersom ein er innvilga dagpengar frå Nav og oppfyller einskilde andre kriterium.

NAV

Som ein del av regjeringas krisetiltak for arbeidslivet for å bøte på den oppsiglande økonomiske krisa, er det gjort endringar i reglane for utbetaling av full løn ved permittering, og også sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar skal sikrast kompensasjon for bortfall av inntekt. Dei tekniske løysingane for dette er ikkje på plass enno, og vi tilrår at ein følgjer med på Nav sine sider om korona-virus for å få oppdatert informasjon om kva rettar som gjeld for ein.